Leif Halvard Silli skreiv 10.02.2024 21:29:
Android følgjer dette prinsippet, og dette har fungert heilt fint for nynorsk i *mange* år. Sjølv om sjølve Android-brukarflata ikkje er omsett til nynorsk, er det ein god del Android-appar som er det, og dei kjem automatisk opp på nynorsk.
Det høyrest ut som du hevdar at dette framleis fungerer. Eller ymtar du at det har slutta å fungera? At nynorskstøtta har vorte dårlegare?
Nei, nynorskstøtta fungerer som før, og heilt fint. Og ho har fungert i *mange* Android-versjonar. Eg har brukt nynorsk som standardspråk iallfall sidan Android 9, som kom i 2018.
Om du vil vita kvifor eg ikkje får det til, med Android 13: Det eg gjer, når eg prøver å få dette til, er at eg opnar «Innstillinger» (som appen heiter på bokmål) og så opnar eg «System» og so opnar eg «Språk og inndata» – og då er «Foretrukket språk» toppoverskrifta du får, med to punkt på menyen:
- I undervalet «Språk» kan ein velja føretrekt språk for
systemgrensensnittet. Frå før står det «Norsk bokmål» som fyrste val, og så kan ein trykkja på «Legg til et språk» for å fleire/andre språk». Men på i tilbodslista med språk ein kan velja, er «norsk nynorsk» ikkje å finna.
Eg òg har Android 13 og har alternativet «Norsk nynorsk». Når eg har lagt det til, står det oppført som «Norsk nynorsk (Noreg)». Det får då undertittelen «Ikke tilgjengelig som systemspråk», men det tyder berre at sjølve Android ikkje er omsett til det språket. I appar som er omsette til nynorsk, fungerer det fint.
Du kan eventuelt prøva å sjå gjennom heile språklista. Hos meg ligg «Norsk nynorsk» rett under «Norsk bokmål», men eg har tidlegare opplevd at mindre brukte språk har komme heilt på slutten av lista.
Merk at når du har lagt til eit språk, forsvinn det frå «Legg til et språk»-lista («Norsk bokmål» forsvinn ikkje, men det er fordi det finst i to variantar, éin for «Norge» og ein for «Svalbard og Jan Mayen»).
- Det andre undervalet heiter «Språk i appen», som ser ut til å tilby
cirka like mykje nynorsk som undervalet «Språk» (men kanskje må eg testa dette på ein app som eg er sikker på at __både__ har nynorsk grensesnitt innebygd __og__ som i tillegg støttar «Språk i appen», før eg kan seia noko sikkert om korleis dette fungerer.
Rart om det heiter «Språk i appen» hos deg. Hos meg heiter det «Appspråk» (og det er ei betre omsetjing). Men denne funksjonen brukar du berre viss du vil overstyra føretrekt språk for enkeltappar (eks. viss du vil ha musikkavspelaren din på spansk, men alle andre program på nynorsk).