Denne e-posten går til alle dei fire omsettingslistene. Send eventuelle svar til i18n-no-lista, der dei fleste er medlemmar.
Til no har omsettinga av KDE til nynorsk, bokmål og nordsamisk gått føre seg i vårt lokale SVN-depot, offentleg tilgjengeleg frå
http://svn.skolelinux.no/websvn/listing.php?repname=skolelinux&path=%2Ft...
(mappene «kde4» og «skript»).
Eg (som omsettingskoordinator) synkroniserer desse (meir eller mindre regelmessig) med KDE-programma, dvs. oppdaterer omsettingsfilene våre med dei siste tekstendringane i KDE-programma, slik at alle nye og endra tekstar *kan omsettast*, og overfører omsettingsfilene frå vårt depot til KDE-depotet, slik at dei oppdaterte omsettingane *vert brukte* i programma. Dette omfattar òg noko (dels automatisk, men dessverre òg ein del del manuell) «opprydding» og feilretting.
Frå KDE si side har det nyleg komme forslag/ønske om at me i staden for å ha vårt eksterne/lokale SVN-depot skal bruka KDE-depotet direkte. Dette vil gjera nokre tekniske ting enklare.
Kva vil dette å seia for deg som vil bidra med omsettingar i KDE? I praksis ikkje so mykje. I staden for å henta og senda inn omsettingsfiler frå/til vårt SVN-depot, vil du gjera det frå/til KDE-depotet. Du kan bruka akkurat dei same kommandoane og programma som før. Og me vil framleis bruka «Summit»-arbeidsflyten (https://techbase.kde.org/Localization/Workflows/PO_Summit).
Det er *mange* som har skrivetilgang til vårt SVN-depot. For eksempel tel eg for bokmålsomsettinga av KDE totalt 48 unike bidragsytarar sidan 1998 – dei fleste rett nok med få/kortvarige bidrag. Skrivetilgangen vert ikkje overført automatisk til KDE-depotet, so for å få skrivetilgang der må du senda ein søknad og få godkjenning frå meg (som omsettingskoordinator). Denne tilgangen vil eg sjølvsagt gje til alle (tidlegare) aktive omsettarar som ber om det. Det er òg mogleg å bidra ved å senda omsettingsfiler manuelt på e-post til meg, som eg so vil kontrollera og legga inn i KDE-depotet om dei er i orden (akkurat som me òg har gjort for SVN-depotet vårt).
Nye omsettarar er som alltid veldig velkomne. Der gjer me det på same måte – at dokker sender omsettingsfiler til meg som eg kontrollerer (teknisk og språkleg), og so sender inn til KDE-depotet (ev. etter nokre rundar med rettingar og forbetringar). Når de har vore aktive over tid og alt ser bra ut, er det ikkje noko problem å få direkte skrivetilgang. Send meg ein e-post for meir informasjon.
Synspunkt eller spørsmål? Merk at det ikkje er *avgjort* at me skal flytta, men viss det ikkje kjem nokon protestar, vil eg truleg ta denne avgjerda. :)