Den 19. mai. 2009 kl. 10.58 skrev Petter Reinholdtsen:
[Sjur Nørstebø Moshagen]
Som nemnt før på denne lista, så kjem vi ikkje til å gjera meir for å forbetra Hunspell-versjonen. Vi vil i staden arbeida i lag med språkteknologimiljøet ved Helsingfors universitet med å laga ein stavekontroll bygd på HFST-teknologien [1].
Er denne HFST-teknologien tilgjengelig i OpenOffice.org på Linux? Jeg har ikke sett den i Debian. Hvis ikke, så vil samisk stavekontroll ikke blir tilgjengelig i linux-distribusjonene. Hunspell-utgaven er tilgjengelig i Debian fra utgave Lenny (dagens stabile), Ubuntu fra utgave intrepid (forrige utgave). Hvis den ikke blir vedlikeholdt fremover, så vil den nok falle ut fra både Debian og Ubuntu.
HFST er ikkje heilt ferdig enno, men eg reknar med at det skal vera mogleg å distribuera HFST i ulike Linux-distroar seinare. Det er likeeins for tidleg å diskutera slike detaljar for stavekontrollen - enno er det berre ein papirkonstruksjon. Men målet er sjølvsagt at stavekontrollen skal vera tilgjengeleg i så mange distribusjonar som mogleg.
Eg ser ingen grunn til at den noverande samiske stavekontrollen (ordlista) skulle falla ut - han er god nok til dagleg bruk, og det endrar seg ikjke sjølv om Debian og Ubuntu endrar seg. Eller er det noko eg har misforstått? Uansett er målet å ha ein alternativ stavekontroll basert på HFST ein gong neste år, så eg trur ikkje dette blir noko problem sjølv om den noverande skulle ramla ut.
Beste helsing Sjur