to. den 07. 07. 2016 klokka 21.44 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
LibreOffice har også ei online-utgåve. I filene som skal omsetjast for dette programmet er det brukt ordet "dashboard". Er det nokon som har tilgang til programmet som kan finne ut kva dashboard er i denne samanhengen? Ordet er ikkje oppført i fellesordlista. Diverre er vi ikkje nok kundar i området der eg bur til at vi får tilgang på skikkeleg Internett. Difor kan eg ikkje prøve ut denne utgåva av LibreOffice.
Ordet er omsett slik i
bokmål: Dashboard (ja, det står oppført som omsett) dansk: Instrumentbræt svensk: Instrumentpanel tysk: ÜbersichtEg meiner å hugsa at dette ordet har vore diskutert i dette forumet tidlegare, men finn ikkje tråden.
utan å ha sett dette sjølv (fann ein online demo hos rollapp, men dei hadde ikkje noko som kunne minne om "dashboard"), har eg trua på at det er tyskarane som har forstått konseptet. "dashboard" i vevsamanheng er gjerne di personlege heimeside der du kan redigere kva element som skal vere med.
så eg foreslår noko slikt som "startside", "heimeside", "oversikt", "startpanel". eg ville helst ikkje brukt "kontrollpanel", sidan det gjerne vert brukt om der ein gjer brukarinnstillingar.