Hei!
Eg har mekka saman ei lita nettside der ein kan søkja gjennom nynorskomsetjingane av ein del fri programvare.
Mellombels adresse: https://huftis.org/kritikk/omsetjingsdb/
Dei fleste omsetjingane er frå KDE-programma, og elles er det frå andre program eg omset / har omsett til nynorsk.
Håpar nettsida kan vera til nytte når ein lurer på kva eit ord eller uttrykk bør/kan omsetjast til på norsk.