Laurdag 20. desember 2008 skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Merk at det skal vera «merkt tekst», ikkje «merka tekst». Merka tekst er tekst ein har lagt merke til¹. Merkt tekst er tekst ein har merkja.
¹ Dette gjeld læreboknormalen, som er den me følgje i omsetjingane.
Menynamnet «Select» vil i GIMP bli endra til «Utval(g)» etter samråd med omsetjarane for bokmål og nynorsk. Veit ikkje om dette er noe for Fellesordlista? Kvifor er forresten «markere» oppført som «forbode» (gjennomstreka) i Fellesordlista som omsetjing av «select», medan selection tools skal omsetjast med markeringsverktøy?
Det er fordi det var eit virrvar av «marker» og «merk» i omsetjingane før. Nokre plassar var det brukt «marker», og andre plassar «merk», men om det same fenomenet. Me fann ut at det ikkje var nokon systematisk eller viktig forskjell, og har derfor standardisert på «merk», som gjer det lettare for alle.
«Markeringsverktøy» trur/synest eg er uproblematisk å bruka, sjølv om ein brukar dei til å merkja noko.