I ein tidlegare diskusjon blei vi samde om å bruke "Vel(g)" for "Select" og "utval(g)" for "selection" i bildeprogram.
Ein gjer eit utval av/på bildet ved hjelp av diverse utvalsverktøy. Når eit utval er markert, kan ein bruke ulike kommandoar på "Vel(g)"-menyen for å gjere endringar i/på utvalet. Sjølv om denne menyen er kalla "Select" på engelsk, ville det kanskje vere meir logisk å kalle denne menyen for "Utval(g)" på norsk? Noen merknader? ("Markering" blei vald bort i ein tidlegare diskusjon). Diverre har eg ingen bildeprogram (utanom GIMP) omsett til norsk for å sjå kva som er brukt av andre.
Helsing Kolbjørn Stuestøl
Kolbjørn Stuestøl:
Ein gjer eit utval av/på bildet ved hjelp av diverse utvalsverktøy. Når eit utval er markert, kan ein bruke ulike kommandoar på "Vel(g)"-menyen for å gjere endringar i/på utvalet. Sjølv om denne menyen er kalla "Select" på engelsk, ville det kanskje vere meir logisk å kalle denne menyen for "Utval(g)" på norsk?
Ja. Absolutt.
Karl Ove Hufthammer skreiv:

Takker for svar, Karl Ove. Litt lite grunnlag for å skifte til "Utval". Kjem til å ta opp spørsmålet med andre involverte. Evt. tilbakemelding her i forumet. Kolbjørn
Kolbjørn Stuestøl skreiv, den 01. des. 2008 15:40:
I ein tidlegare diskusjon blei vi samde om å bruke "Vel(g)" for "Select" og "utval(g)" for "selection" i bildeprogram.
Ein gjer eit utval av/på bildet ved hjelp av diverse utvalsverktøy. Når eit utval er markert, kan ein bruke ulike kommandoar på "Vel(g)"-menyen for å gjere endringar i/på utvalet. Sjølv om denne menyen er kalla "Select" på engelsk, ville det kanskje vere meir logisk å kalle denne menyen for "Utval(g)" på norsk? Noen merknader? ("Markering" blei vald bort i ein tidlegare diskusjon). Diverre har eg ingen bildeprogram (utanom GIMP) omsett til norsk for å sjå kva som er brukt av andre.
Eg er samd med deg, «utval» er betre enn «vel». Når det gjeld tekstredigering har eg nok vore heller vinglete i om eg har kalla merka tekst for «utval», «markering» eller «merka tekst», men «utval» fungerer i alle fall best på bilete. Eg ville kanskje vurdert «utsnitt», men det vert nok for nær «beskjær» i tyding.
Åsmund Skjæveland:
Eg er samd med deg, «utval» er betre enn «vel». Når det gjeld tekstredigering har eg nok vore heller vinglete i om eg har kalla merka tekst for «utval», «markering» eller «merka tekst»,
Merk at det skal vera «merkt tekst», ikkje «merka tekst». Merka tekst er tekst ein har lagt merke til¹. Merkt tekst er tekst ein har merkja.
¹ Dette gjeld læreboknormalen, som er den me følgje i omsetjingane.

Menynamnet «Select» vil i GIMP bli endra til «Utval(g)» etter samråd med omsetjarane for bokmål og nynorsk. Veit ikkje om dette er noe for Fellesordlista? Kvifor er forresten «markere» oppført som «forbode» (gjennomstreka) i Fellesordlista som omsetjing av «select», medan selection tools skal omsetjast med markeringsverktøy? Helsing Kolbjørn Stuestøl
Laurdag 20. desember 2008 skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Merk at det skal vera «merkt tekst», ikkje «merka tekst». Merka tekst er tekst ein har lagt merke til¹. Merkt tekst er tekst ein har merkja.
¹ Dette gjeld læreboknormalen, som er den me følgje i omsetjingane.
Menynamnet «Select» vil i GIMP bli endra til «Utval(g)» etter samråd med omsetjarane for bokmål og nynorsk. Veit ikkje om dette er noe for Fellesordlista? Kvifor er forresten «markere» oppført som «forbode» (gjennomstreka) i Fellesordlista som omsetjing av «select», medan selection tools skal omsetjast med markeringsverktøy?
Det er fordi det var eit virrvar av «marker» og «merk» i omsetjingane før. Nokre plassar var det brukt «marker», og andre plassar «merk», men om det same fenomenet. Me fann ut at det ikkje var nokon systematisk eller viktig forskjell, og har derfor standardisert på «merk», som gjer det lettare for alle.
«Markeringsverktøy» trur/synest eg er uproblematisk å bruka, sjølv om ein brukar dei til å merkja noko.
Tysdag 16. desember 2008 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Når det gjeld tekstredigering har eg nok vore heller vinglete i om eg har kalla merka tekst for «utval», «markering» eller «merka tekst»,
Merk at det skal vera «merkt tekst», ikkje «merka tekst»
Kom forresten på at me ofte (oftast?) kallar dette «merkt område», ikkje «merk tekst». Det er vel dette Microsoft òg gjer, om eg ikkje hugsar feil.