Kanskje dette kan vera til nytte for nokon:
Når ein har omsett eit program, bør ein sjølvsagt testa omsettinga. Her er kommandoane eg brukar til å kompilera og installera alle PO-filene som ligg i ei mappa:
for i in *.po; do msgfmt $i -o /usr/share/locale/nn/LC_MESSAGES/${i%.po}.mo; done
(Du må sjølvsagt vera «root» og ha skrivetilgang til /usr/share/... for dette. Og hugs å endra «nn» til «nb» for bokmålsomsettingar. Og merk at i nokre distribusjonar kan omsettingsfilene ligga ein heilt annan plass.)