Eg er i ferd med å laga ein litt betre statistikk over omsetjingane. Han er korkje ferdig eller feilfri (langt ifrå), men eit førebels resultat finst no på <URL: http://developer.skulelinux.no/~gautehk/postat/ >.
Noko av det som må med, men som ikkje er laga enno, er:
- Statistikk over språkvask. - Vising av berre dei viktigaste modulane (gjerne prioritert rekkjefølgje). - Statistikk over anna enn berre KDE.
Innspel og bidrag er velkomne, koden (Python) ligg i CVS: /skolelinux/i18n/postat/
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes