Laurdag 17. januar 2009 skreiv Åsmund Skjæveland:
Eg veit ikkje kva eg skal omsetja “syndication feed” med. Strengen kjem frå shared-mime-info i to variantar: “Atom syndication feed” og “OPML syndication feed”.
I nynorskomsetjinga av KDE har me konsekvent brukt «kjelde». Det hørest kanskje ut som eit litt merkelig val, men det fungerer faktisk veldig bra i praksis. (Merk for øvrig at ordet «feed» på engelsk i utgangspunktet er eit *elendig* ord for omgrepet det er meint å dekkja!)
Tekstane ovanfor vil då verta «Atom-kjelde» og «OPML-kjelde» – kort og greitt!