-----BEGIN PGP SIGNED MESSAGE----- Hash: SHA1
Eg veit ikkje kva eg skal omsetja “syndication feed” med. Strengen kjem frå shared-mime-info i to variantar: “Atom syndication feed” og “OPML syndication feed”.
- -- Åsmund Skjæveland
On Sat, 2009-01-17 at 20:20 +0100, Åsmund Skjæveland wrote:
Eg veit ikkje kva eg skal omsetja “syndication feed” med. Strengen kjem frå shared-mime-info i to variantar: “Atom syndication feed” og “OPML syndication feed”.
ser at NRK ikkje har gjort noko forsøk på å omsetje "syndication" i omtalen sin av RSS. "syndikering" synest eg er unødvendig teknisk.
kanskje "Atom publiseringsstraum" eller "Atom-publisering"? "Atom" heiter jo *eigentleg* kun "Atom", men den engelske teksten synest nok at det trengs litt kontekst for å vere forståeleg.
Laurdag 17. januar 2009 skreiv Åsmund Skjæveland:
Eg veit ikkje kva eg skal omsetja “syndication feed” med. Strengen kjem frå shared-mime-info i to variantar: “Atom syndication feed” og “OPML syndication feed”.
I nynorskomsetjinga av KDE har me konsekvent brukt «kjelde». Det hørest kanskje ut som eit litt merkelig val, men det fungerer faktisk veldig bra i praksis. (Merk for øvrig at ordet «feed» på engelsk i utgangspunktet er eit *elendig* ord for omgrepet det er meint å dekkja!)
Tekstane ovanfor vil då verta «Atom-kjelde» og «OPML-kjelde» – kort og greitt!