Tysdag 26. april 2005 18:58 skreiv Sven Harald Klein Bakke:
Kommentaren min var faktisk alvorlig meint. Det har blitt gjort eindel forsking på kakediagram (både empirisk og teoretisk, av statistikarar og psykologar), og konklusjonen er eintydig: Kakediagram bør *aldri* brukast. For kvar bruk av kakediagram, finst det eit anna diagram som kan presentera same informasjonen (mykje) betre og klarare.
Bruken av kakediagram er genialt når man skal vise hvor mye av pizzaen/kaken man får eller har spist; selv om dette kanskje ikke er så veldig nyttig?
Sjølv om det nok ikkje var meint alvorlig, vel eg å ta deg alvorlig likevel! :) Kakediagram er rett nok minst dårlig når det berre inneheld to verdiar (dvs. eitt datapunkt!), men sjølv då *vil* eit alterntivt lineært diagram vera betre:
|===================|-------|
Her viser likheitsteiknet kor mykje av kaka du har ete. Oss menneske er forferdelig dårlig til å bedømma/anslå vinklar, som er det kakediagram er basert på.
Når ein vil visa kor stor delen av pizzen dei ulike personane har ete, vil òg eit alternativt diagram vera betre:
http://web.utk.edu/~glenn/PieChart.gif
Kven har ete mest av person A og D her? Anslå kor mykje meir person E har ete enn person C (dobbelt so mykje? 50 % meir? kva?). Samanlikn med dette diagrammet (som kanskje hadde vore hakket betre om tala hadde vore sortert etter verdi):
http://web.utk.edu/~glenn/DotChart.gif
Samanlikna òg desse fire ulike diagramma:
http://lilt.ilstu.edu/gmklass/pos138/datadisplay/images/explopie2.gif http://lilt.ilstu.edu/gmklass/pos138/datadisplay/images/explopie5.gif http://lilt.ilstu.edu/gmklass/pos138/datadisplay/images/explopie4.gif http://lilt.ilstu.edu/gmklass/pos138/datadisplay/images/explopie3.gif
Kven klarer å presentera informasjonen best?
Og korleis har utgiftene dei ulike forsvarsgreinene *utvikla* seg på åtte år:
http://lilt.ilstu.edu/gmklass/pos138/datadisplay/images/twopie.gif
Du må lesa tala for å kunna seia noko. Ein tabell med tala hadde gitt like mykje informasjon! Samanlikna med eit søylediagram (som her rett nok viser annan (og trulig meir relevant!) informasjon):
http://lilt.ilstu.edu/gmklass/pos138/datadisplay/images/twobar.gif