On Thu, 2008-07-10 at 19:45 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Torsdag 10. juli 2008 skreiv Kjetil Torgrim Homme:
loopbackfilmonteringher bør det engelske ordet endrast til "loopback mount".
Eg synest ikkje det. «loopback» vert jo gjerne brukt utan «mount», i for eksempel «loopback device», som kan han heita «filmonteringseining».
det er ikkje så ofte at nettverksgrensesnittet "lo" vert brukt som "filmonteringseining". du tenkjer kanskje på "loop device"? "loopback device" har eg ikkje noko godt framlegg for omsetjing av ("intern-nettverk"?). kanskje ein kan lage ord basert utifrå "kopla i løkke", men å etablere ny terminologi er alltid vanskeleg.
(det ser forresten ut til at mange av meldingane dine forsvinn inn i spam-mappa mi pga. du brukar ein e-postlesar som bryt RFC-ane. på tide å oppgradere, kanskje?)