su. den 05. 08. 2012 klokka 12.56 (+0200) skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kommentarar/synspunkt på noko av det? (Kommentarar både frå aktive omsettarar og andre er velkomne.)
Eg kan oppdatera dei språklige retningslinjene og språkvaskskriptet når me har fått diskutert dette.
Eg har no (endeleg) oppdatert dei språklege retningslinjene med alt det relevante i 2012-rettskrivinga. Eg har også lagt til eit lite avsnitt om korleis ein brukar det automatiske språkvaskskriptet. Sjå
http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.html Skal du skriva det ut, brukar heller PDF-versjonen http://i18n.skulelinux.no/retningslinjer.pdf
For oversikt over nøyaktig kva eg har lagt til, fjerna og endra, sjå SVN-diffen: http://svn.skolelinux.no/websvn/diff.php?repname=skolelinux&path=%2Ftrun...