Eg trur at «Språk i appen» er henta i frå Google sin offisielle målbruk, sjå deira info om å byta språk i appar https://support.google.com/android/answer/12395118?hl=no
Leif
Den 11.02.2024 20:29, skreiv Leif Halvard Silli:
Rart om det heiter «Språk i appen» hos deg. Hos meg heiter det «Appspråk» (og det er ei betre omsetjing). Men denne funksjonen brukar du berre viss du vil overstyra føretrekt språk for enkeltappar (eks. viss du vil ha musikkavspelaren din på spansk, men alle andre program på nynorsk).
Det stod «appspråk» på Sony-en. Men her i Nokia står det «språk i appen». (Kort er godt, for ikkje å seia best, så du har rett i det.) Det verkar som det står mykje rart i Nokia-mobilar: Såg at i den bokmålske bruksrettleiinga stod det «nøkler» i staden for «hurtigtaster» (det står vel noko med «keys» poå engelsk — før eg forstod det, var eg ikkje sikker på om eg hadde slått opp på rette plassen i rettleiinga ...)
Leif