Kva skal funksjone AGGREGATE heite på norsk? Funksjonen finst i LibreOffice Calc, men er ikkje forklart i hjelpseksjonen. Exel har omsett han med MENGDE. (Sjå https://support.office.microsoft.com/nb-no/article/Funksjonen-MENGDE-991c9ad...).
Etter det eg kan sjå, minner funksjonen om DELSUM (SUBTOTAL på engelsk), men har innebygd ein del fleire funksjonar. Bruk: «AGGREGATE(Funksjon; Innstillingar; Ref1 eller tabell; Ref2..n eller k1; Ref2..n eller k2; …)» I forklaringa i LibreOffice heiter det:
Nynorsk: «Reknar ut ei aggregering (eit spesielt samandrag) i eit rekneark.» Bokmål: «Regner ut en aggregering i et regneark.» Engelsk: "Calculates an aggregate in a spreadsheet."
Ikkje så mykje å bli klok på. For meg betyr "aggregate" ei opphoping/oppsamling eller noe liknande, men engelskkunnskapane mine og kunnskapane om rekneark er kanskje ikkje heilt det dei burde ha vore. Kolbjørn