må. den 13. 05. 2013 klokka 11.28 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
Sjølv om BITVSKIFT er ei god løysing, er problemet at LibreOffice nb og Excel bruker BITVFORSKYV og tilsvarande. Reint teknisk er det ikkje noe problem å endre dette. Blir BITVFORSKYV bytt ut med BITVSKIFT, vil LO automatisk endre alle gamle formlar til den nye versjonen. Men vil folk endre vanane sine?
Tja, eg tvilar på det er så mange som brukar desse funksjonane (og endå færre som også brukar LibreOffice på nynorsk). Dette er med andre ord ikkje noko stort problem.