On 09/13/2016 09:20 PM, Petter Reinholdtsen wrote:
[Karl Ove Hufthammer]
OK. Det tar eg som éin stemme *for* flytting. Men korleis vert det då med oppdatering av fellesordlista vår (http://i18n.skulelinux.no/nb/Fellesordl.eng-no.html) og dei andre nettsidene som me (berre) kan oppdatera via SVN?
Det tror jeg det er lurt at dere aktive oversettere lager en plan for. Tror ikke det er noe vits at jeg synser uten mer direkte kontakt med oversettelsearbeidet som gjøres, og driftsgruppen til Skolelinux er i praksis kun meg selv, så det er ikke noe poeng å drømme om en innsats derfra.
ein kan kanskje rekne meg som ein del av driftsgruppa til Skulelinux, i og med at eg har ansvaret for VM-en lists.skolelinux.org køyrer på. kan ikkje seie eg gjer stort anna enn å passe på at OS-et er oppdatert, men den står no der. dette er ei pro bono-teneste frå Redpill Linpro. vi er også registrar for alle Skulelinux-domena, så koordinere endring i DNS er ei smal sak. poenget mitt er at det ikkje ville vere noko problem å flytte aliaset i18n.skulelinux.no til denne VM-en om det skulle vere ønskje om det.