On Tuesday 04 November 2008 18:53:53 Karl Ove Hufthammer wrote:
Lars Ivar Igesund:
Og det har for øvrig ingenting for seg å melda frå her på lista om omsettingsfeil i KDE (eller andre program) viss du brukar ein av desse distroane.
Greit nok. No har det seg slik at der er litt bevegelse i Kubuntu-leiren for å få gjort noko med problemet, men eg trur det kunne vere nyttig med ei skildring (på engelsk) av kva dei faktiske problema er - dersom nokon har lyst til å skrive noko sånt.
Det har vore skrive tonnevis om dokument og e-postar om dette, heilt sidan Rosetta/Launchpad vart starta, men sjølv no, etter *so* mange år, er situasjoen minst like ille som i starten. Verre, kan det verkaDette har fått meg (og dei fleste andre KDE-omsettarar, kan det sjå ut som) til å mista heilt trua på Launchpad, og på folka bak prosjektet.
Eg ønskjer iallfall ikkje å kasta vekk meir tid på det.
Det er såvidt eg veit ein grunn til at problematikken har vore ignorert, og det er at Ubuntu i hovudsak er eit Gnome-prosjekt, og dei opplever visstnok ikkje dei same problema. No har du derimot ei moglegheit til å verte høyrd (det vart ytra eit ynskje om å få ein "statement" frå alle omsetjingslaga). Eg kan på sett og vis forstå deg om du har brukt mykje tid på dette før, men stort sett tykkjer eg det må vere betre å gjere alt som kan gjerast dersom dette vil betre situasjonen. Forstår det forøvrig dit hen at fleire ynskjer å fjerne LP-omsetjingar heilt frå KDE i Ubuntu dersom der ikkje vert forbetringar.
Når det er sagt, er det forøvrig openbart at Rosetta ikkje er det einaste problemet.
Overraskar meg ikkje. Kva er resten av problema?
Vel, her er nokre stikkord i retninga av løysingar som burde gje eit hint om kva som er problema:
improve QA, improve team communication, improve inter-team communication, get faster machines to get strings imported faster, don't allow changing of upstream imported strings without uberstrong QA, don't prefer LP translations over upstream translations
Mvh, Lars Ivar Igesund