On Wed, 2009-07-15 at 13:25 +0200, Karl Ove Hufthammer wrote:
Eirik U. Birkeland:
Skal vi standardisere på «opplysning» eller «opplysing» i nynorskomsetjingane?
Eit sitat seier: «På begge målformer viser ofte verbalsubstantiv som endar på -ing, til ei handling, mens dei tilsvarande som endar på -ning, fortel om resultatet av handlinga. Det vanlegaste eksempelet er bygging og bygning. I lærebøker er oppbygging om det å byggje opp noko og oppbygning om struktur eit vanlegare tilfelle. Eit anna par som følgjer mønsteret, er bokmål forurensing/forurensning (på nynorsk dekkjer ureining begge tydingane).»
Dette sitatet er irrelevant. Nynorskordboka viser klart at ordet har valfri skrivemåte, og denne «regelen» seier ingenting om me bør skriva «opplysning» eller «opplysing» når det er snakk om substantivet.
om ein skulle bruke sitatet, kunne ein hevde at "opplysing" er aktiviteten å opplyse noko, men "opplysning" er resultatet av aktiviteten. det høyrest logisk ut for meg, men eg nektar å tru at du klarer å finne ein einaste språkbrukar som gjer dette skiljet.
eg har ingen sterke meiningar om kva vi skal velje, eg tippar at eg vaklar i mine eigne skrivne tekster.