Karl Ove Hufthammer skreiv 22. feb. 2017 19:32:
KDE-programmet Dolphin har nyleg fått ein ny funksjon kalla «stash». Dette er kort sagt ei mellombels, virtuell mappe der ein kan putta filer og mapper for seinare flytting til ekte mapper. Det er litt som utklippstavlefunksjonen, berre for filer og mapper. Sjå https://community.kde.org/GSoC/2016/StatusReports/ArnavDhamija#A_Stash_KIO_S... for meir informasjon.
Forslag til kva me kan kalla dette på norsk?
Veldig bra at det kom so mange forslag! Her er ei oppsummering i kronologisk rekkefølgje (skrik opp om eg har gløymt nokon):
filutplukk korttidslager nærlager puttekasse bod(en) roteloft(et) rotekassa mørkeloftet stabburet lager lagring haug filkasse filstabel filhylle hylle mellomlager stæsj korg filboks [nytt forslag frå meg no] depot [nytt forslag frå meg no]
Sidan ordet skal visast på verktøylinja eller i ein meny, bør det vera ganske kort.
Eg trur me bør unngå ord med «lager» og «lagring» i seg, då det alt finst *mange* liknande termar. Ord som konnoterer langtidslagring (som «bod» – på nynorsk «bu») er heller ikkje ideelle.
Å ha med «fil» i namnet kan vera uheldig, då «stash» òg kan innehalda mapper og symbolske lenkjer. Men på den andre sida er jo alt i Linux «filer».
«Haug» og «stabel» er vel lett å assosiera med tilhøyrande datastrukturar innan programmering, og det er ikkje slik «stash» fungerer, so vidt eg har forstått. Utan at dette er eit veldig stort problem.
«Korg» kunne vore OK (ordet er iallfall veldig kort). Men eg synest det vert for lett å forveksla med «papirkorg» (og det stor *forskjell* på å legga ting i «stash» og i papirkorga).
Eg òg likte litt «puttekasse». Men det er litt langt, og folk assosiserer det gjerne med ei barneleike.
Eg trur favoritten min vert «hylle». Det er kort og fungerer fint som ein metafor for ein mellombels lagringsplass.
Men eg tar gjerne imot fleire forslag og synspunkt på dei forslaga som er komne.