Kolbjørn Stuestøl skreiv 29.04.2021 20:29:
I nynorskomsetjinga av LibreOffice er det brukt både «snartast» og «snøggtast» om tastane brukte i tastesnarvegane. Sjølv har eg ingen problem med å bruka begge nemningane, har vel sett på dei som eit utslag av språkleg mangfald, men er det tilrådeleg?
Nei, det er ikkje tilrådeleg. For minst 16 år sidan standardiserte me på «snøggtast» (bokmål: «hurtigtast»).
Men merk at det òg finst noko som heiter «snarveg(s)tast». Sjå http://i18n.skulelinux.no/nb/Hurtig-snarveistast.html for ei forklaring på forskjellen.