I nynorskomsetjinga av LibreOffice er det brukt både «snartast» og «snøggtast» om tastane brukte i tastesnarvegane. Sjølv har eg ingen problem med å bruka begge nemningane, har vel sett på dei som eit utslag av språkleg mangfald, men er det tilrådeleg?
Kan det verka forvirrande på brukarane når det i overskrifta i hjelp står «Bruk av snøggtastar» medan teksten snakkar om «snartastar»? Skal ein søke om hjelp, må ein hugse å søke på både «snartast» og «snøggtast». Unødvendig vanskeleg?
Bør eg velja å bruke berre eitt av namna, og i tilfelle kva for eitt? Eller kanskje det til og med finst ei anna brukande nemning?
Kva er brukt i andre program?
Mange spørsmål, håper nokon i gruppa har svar.
Helsing Kolbjørn
Kolbjørn Stuestøl skreiv 29.04.2021 20:29:
I nynorskomsetjinga av LibreOffice er det brukt både «snartast» og «snøggtast» om tastane brukte i tastesnarvegane. Sjølv har eg ingen problem med å bruka begge nemningane, har vel sett på dei som eit utslag av språkleg mangfald, men er det tilrådeleg?
Nei, det er ikkje tilrådeleg. For minst 16 år sidan standardiserte me på «snøggtast» (bokmål: «hurtigtast»).
Men merk at det òg finst noko som heiter «snarveg(s)tast». Sjå http://i18n.skulelinux.no/nb/Hurtig-snarveistast.html for ei forklaring på forskjellen.
Takkar for raskt og tydeleg svar. Saka er løyst.
Helsling Kolbjørn
Den 29.04.2021 20:43, skreiv Karl Ove Hufthammer: