må. den 20. 06. 2016 klokka 14.14 (+0200) skreiv Kolbjørn Stuestøl:
TEXTJOIN gjer noko av det same som CONCAT, men set inn skiljeteikn mellom ledda. TEXTJOIN(" ";SANN;A1:A4) returnerer «Dette er ein tekst». Det første teiknet i formelen er skiljeteiknet, her mellomrom (" "). SANN betyr at eventuelle tomme celler i området skal ignorerast. Er ikkje omsett i Excel. Bør vel ha eit namn som viser at det er i familie med KJED.SAMAN?
kanskje SLÅ.SAMAN ?
SWITCH kan samanliknast med å hente ut data frå ein tabell ved hjelp av indeksen. SWITCH(B1;1;"søndag";2;"måndag";3;"tysdag";4;"onsdag";5;"torsdag";6;"fredag";7;"laurdag";"ingen treff") Er B1 = 1, vil funksjonen returnere "søndag", er B1 = 5, blir resultatet "fredag" osv. Er B1 større enn 7 eller mindre enn 1, blir resultatet "ingen treff".
Er i Excel omsett med BRYTER. Eg veit at vi bør bruke mest mogleg same namna som er brukte i Excel, men her skurrar det etter mi meining.
einig, sjølv om det skurrar på engelsk også. kanskje PLUKK / UTPLUKK / UTVAL ?
ellers einig i framlegga dine.