Leif Halvard Silli skreiv 01.10.2024 20:46:
Sidan det verkar som bruken kan dokumenterast, støttar eg allheimen. Av same grunn støttar eg også fødiverset.
Men eg støttar også allheim og fødivers:
Akkurat som internett finst både i bunden form og ubunden form, må allheim og fødivers kunna finnast som både bunden og ubunden form.
Er ikkje heilt einig her. Ja, internett finst i ubunden form, men då er det snakk om *noko anna*, eit «nett av nett» eller eit internasjonalt nett generelt. Eksempel på bruk i setning:
FidoNet var eit internett som var populært på 1990-talet.
Men når me skriv Internett, snakkar me om eit *spesifikt* nett.
Ein kan i teorien snakka om fleire fødivers, men då snakkar om ein *noko anna* enn når ein snakkar om «fødiverset». The Fediverse er éin spesifikk ting, akkurat som «universet» på norsk er éin spesifikk ting. Ein kan snakka om fleire univers, men då snakkar om noko anna enn når ein snakkar om «universet».
Ordet «allheim» finst alt i ordboka. Men når me skriv Allheimen i for eksempel Mastodon-samanheng, snakkar me om noko meir spesifikt.
Argumentet om at Fediverse er eit særnamn virkar litt søkt. På engelsk nyttar ein stor bokstav annleis enn på norsk. Ordet "måndag" er ikkje særnamn jamvel om dei skriv "Monday" med stor M på engelsk.
Det er særnamn i det at det viser til éin spesifikk «ting». Akkurat som Stillehavet på norsk.
På engelsk nyttar ein både Internet og internet. Det same gjeld på norsk, men liten bokstav er dominerande.
Du meiner vel stor? Eg ser iallfall sjeldan Internett skriven med liten bokstav på norsk.
Riksmålsordboka skriv også verdensvev, ikkje Verdensvev - eit vitugt val! Det same gjeld Nynorskordboka. Det er berre (Nynorsk)-Wikipedia som skil seg ut.
Og kvifor skal det vera stor bokstav i internett eller fødiverset/allheimen, når vi har liten bokstav i universet?
Eller ein kunne sagt omtrent det motsette: Korfor skal det vera liten bokstav i Allheimen når me har stor bokstav i Mjølkevegen?
Det er problematisk å argumentera med slike analogiar. Og dette med stor og liten bokstav på himmellekamar har jo lenge vore vanskeleg: https://sprakradet.no/spraksporsmal-og-svar/sola-jorda-og-manen-med-stor-for...
Eg synest det er mest naturleg med stor a i Allheimen, men er litt på glid. Ein del skriv det jo med liten a, og då går det vel etter kvart den vegen (av «latskap» blant dei som skriv), slik at det vert *vanskeleg* å oppretthalda stavemåten med stor a.