Nokre meir direkte kommentarar som går på sjølve Android-feilmeldinga, sjå nedanfor.
Den 07.02.2024 21:24, skreiv Eivind Ødegård:
Her var endeleg eit emne som eg nesten kan svara på, så eg takkar for at du tok det opp. Eg har prøvd å driva lobbyverksemd for nynorsk Android hjå mållaget i lang tid, så langt utan synderleg hell. Eg limer inn ein liten bete av det eg har skrive til noverande leiar Peder Lofnes Hauge. Mykje av dette er sjølvsagt kjent stoff for oss som driv med omsetjingar, men det kan kanskje òg forklara litt. Særleg oppmodar eg folk her på lista, det vil seia dei som har Google-konto (det har ikkje eg), til å røysta fram førespurnaden om nynorsk Android jfr. lenka under. Dersom då nokon har hug til å starta, er det berre å setja i gang. Det ser ikkje ut som me får hjelp av mållaget, så me må gjera det sjølve her òg.
Eg har no «røysta» ved å trykkja på +1-knappen øvst på sida. Men skal ein få til noko, må ein nok gå inn djupare i saka, og koma med konkrete framlegg om korleis ein kan oppnå __noko__, alt so for å skjøna kva slag mogelegheiter som ligg innanfor den «logikken» som er gjeldande i det konkrete problemløysingsuniverset ...
Eg la til dømes merke til at einkvan poengterte at feilmeldinga berre handla om å gjera det mogeleg med nynorsk utan at sjølve nynorskomsetjinga låg/ligg føre.
Det kan difor kanskje vera at det __ville hjelpt__ å ha nynorskomsetjinga klar, for å seia på den måten. (Men om det finst nokon måte å byrja eit slikt prosjekt på – som deretter kunne inkorporerast i Android, det veit eg ikkje.)
Programmerarar har kanskje ein (ikkje heilt usunn) aversjon mot å løysa prinsippielle ting på eit reint prinsippielt plan, eller koss eg skal seia det ... Ein kunne jo tenkt seg at dei sa ja til å løysa feilen, men så ville det likevel ikkje skjedd noko før nynorskomsetjinga låg føre ...
Reint konkret kan du sjå på ein av førespurnadene om nynorsk Android her:
Men elles ser at eg har sagt mykje tull om korleis «appspråk» fungerer: Det er faktisk mange appar som støttar «appspråk» ser det ut til. Men det ser, igjen, ut til at det berre er dei «offiselle» Android-språka som er tilgjengeleg der ...
Leif