Det er ein fordel om du brukar CVS til å lasta ned og opp omsetjingar. Dersom bandbreidda er veldig avgrensa, kan du likevel lasta ned enkeltfiler og senda dei ferdige omsetjingane til meg etterpå. Du finn til dømes Konqueror-hjelpefila (konqueror.pot) her: URL:http://developer.skulelinux.no/cgi-bin/viewcvs.cgi/skolelinux/i18n/head-kde-i18n/templates/docs/kdebase/
Eg har lasta ned skolelinux-cvs anonymt til UiO-kontoen min (eg er på Svalbard for tida, og linja til UNIS (http://www.unis.no/) er for tynn til denslags), så då skal eg prøva å gjera litt. Fungerer DocBook-filer direkte i KBabel, eller må eg gjera noko magisk fyrst?