Takk for skjermbilete. Ein slik knapp har ikkje eg.
No har eg kontakta HMD (Nokia) om problemet ... Og brukarstøttekontakten der lova to gonger at dette no var registrert – så får me sjå ...
Og so har eg funne mi eiga, private løysing: Eg la inn appen «MoreLocale 2». (Eit anna alternativ er appen «Language Enabler», og det finst vel fleire).
Og so laut eg køyra ein kommando frå kommandolineprogrammet 'adb' (Android Debug Bridge) for å gje MoreLocale 2 løyve til å leggja inn 'nn_NO'.
So no har faktisk fått BankID på morsmålet ...
Leif
Den 25.02.2024 10:33, skreiv Odin Hørthe-Omdal Urdland:
Gjekk fyrte inn på + Add Language, og der oppe i høgre hjørna hadde eg ein knapp med vertikale prikkar som gav meg dei ekstra språka.
On Sat, 24 Feb 2024, 21:43 Leif Halvard Silli, verktystell@russisk.no wrote:
Er det når du går inn i «Språk» og deretter trykkjer «+ Legg til et språk» at du finn denne menyen – ein kvan plassen? Er jo ikkje umogleg at denne menyen ikkje finst på min dings. Men hadde du hatt høve til å senda eit skjermbilete som viser kvar/korleis menyen viser seg? Leif Den 23.02.2024 22:53, skreiv Odin Hørthe-Omdal Urdland: > Dette er veldig skjult. Eg har aldri funne at eg kunne velja nynorsk før. > > Bokmål kjem rett opp. Etter denne tråden fann eg at eg kunne klikka meg inn > på ein '...'-meny og velja 'All languages'. Då kunne eg velja mellom ei > utruleg svær liste med språk og fann nynorsk. > > Men BankID er framleis på engelsk. Har ikkje funne at eit einaste av > programma eg har brydde seg med det diverre. Likevel skikkeleg deilig å få > setja det valet. > > Eg har ein Samsung med nyaste Android OneUI-versjon. > > Odin > > On Fri, 23 Feb 2024, 20:53 Karl Ove Hufthammer, <karl@huftis.org> wrote: > >> Leif Halvard Silli skreiv 23.02.2024 12:50: >>>> Eg har ein Fairphone 4 med Android 13. Før hadde eg ein Xiaomi MI A1 >>>> med Android 9. Nynorsk var tilgjengeleg på begge. >>> Svært merkeleg at dette ikkje er likt på dine og mine mobilar. >>> >>> Kva med den feilmeldinga som Eivind peika på? (Nemleg >>> https://issuetracker.google.com/issues/160714156) Med di positive >>> røynsle, ser du difor kanskje ikkje noko behov for at det blir fiksa - >>> for det er alt i orden? >> Android er ikkje omsett til nynorsk, men nynorsk er tilgjengeleg som >> språkval, så det er ikkje til hinder for at Android-appar vert omsette >> til nynorsk (og det finst som sagt alt ein del slike). >> >> >>> Kva med BankID-appen? Du har vel dermed, utan problem, teke i bruk >>> BankID-appen på nynorsk, reknar eg med? >> Ja, eg får BankID på nynorsk. Det fungerer heilt fint. >> >> >>> Sidan du nemner Android 9: Ordbøkene-appen (med Bokmålsordboka og >>> Nynorskordboka) er frå 2021. Den appen støttar ikkje val av «appspråk» >>> (som det står i appen) på systemnivå - du må velja appspråk i ei >>> innstilling inne i appen sjølv. Det at Ordbøkene-appen har >>> implementert målval via den omvegen er kanskje ein indikasjon på at >>> det (generelt) __ikkje__ fungerer slik du seier? >> Den appen vert ikkje lenger utvikla eller oppdatert (han brukar >> utdaterte ordlistefiler) og bør uansett ikkje brukast. Elles finst det >> fleire appar som brukar heimesnikra metodar for val av språk (ikkje >> nødvendigvis med støtte for nynorsk) i staden for den offisielle >> Android-metoden (i staden for å brua det offisielle API-et). Det er >> uheldig, sidan ein må velja språk manuelt for kvar app. >> >> Tilsvarande gjeld forresten òg val av tema (lyst eller mørkt). I mange >> appar må ein velja dette manuelt i staden for at appen brukar >> systemstandard. >> >> >>> Og det same med Firefox: Kvifor har Firefox implement språkval på same >>> måte som Ordbøkene-appen, nemleg direkte i appen sjølv? >> Det veit eg ikkje, men det er lang tradisjon for å kunne velja separate >> språkinnstillingar i nettopp nettlesarar (nettsidespråk eller UI-språk). >> Dette gjeld Firefox òg på Linux og Windows (og Chrome, Edge, IE og >> Opera, så vidt eg hugsar). >> >> Elles er standardinnstillinga i Firefox å bruka Android-språket (= >> OS-språket). >> >> >> -- >> Karl Ove Hufthammer >> >> _______________________________________________ >> E-postlista l10n-no >> http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org >> > _______________________________________________ > E-postlista l10n-no > http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org