Sundag 2. mars 2003 09:06 skreiv Knut Erik Hollund:
Jeg anser meg som "ferdig" med å oversette "noteedit.po" filen. (BUG #96) Hva er prosedyren videre ? Lukker jeg bug'en i bugzilla - skal den "vaskes" av noen ? etc.
Gjer først slik Herman seier ;-)
Du har arbeidd med ei «gammal» utgåve av Noteedit, nemleg den me brukar i Skulelinux. No er det ein fin sjanse til å bringa omsetjinga à jour med den nyaste utgåva, slik at ho kan spreiast til fleire enn berre Skulelinux.
Eg har henta ned nyaste utgåve av Noteedit og lagt PO-filene i CVS. Den engelske originalfila ligg no i skolelinux/i18n/other/en/noteedit, og bokmålsutgåva (oppdatert med dine omsetjingar) ligg i skolelinux/i18n/other/nb/noteedit. Nesten ingenting er endra, så det bør vera fort gjort å oppdatera omsetjinga.
Etterpå sender du omsetjinga til utviklarane av Noteedit: <URL: http://rnvs.informatik.tu-chemnitz.de/~jan/noteedit/noteedit.html >
Til slutt kan du forsyna deg frå ledige oppgåver i framdriftstabellen eller på statistikksidene.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes