Erik Haugan:
vert/blir
Eg likar bli - blir - vart - vorte. Dette er rimeleg utbreidd og eit godt kompromiss.
«vert/blir»-saka var meir for å få ned «på papiret» den forma me alt brukar i nynorskomsettinga.
resurs/ressurs
"Ressurs" er mykje meir utbreidd.
Trulig fordi det var eineform lenge.
Det kjem til å kome ny rettskriving med tid og stunder. I eit tidlegare framlegg til ny rettskriving har det gått mot slik bøying som hovudform http://www.sprakrad.no/upload/KKD03ved.pdf:
be - ber - bad - bede
Men dette vart då òg forkasta av departementet.
Elles, viss ein skal synast at statistikk for søkemotorar skal avgjera dette. Eit søk etter «ikkje "har bedt"» på alltheweb.com gjev 72 400 treff, mens eit søk etter «ikkje "har bede"» gjev berre 21 200 treff. Men slik «statistikk» frå søkemotorar er notorisk upålitlig, og bør ikkje brukast.
Eg likar best såkalla blanda bøying:
bruke - brukar - brukte - brukt spele - spelar - spelte - spelt
Eg meiner å ha høyrt at slik bøying er rekna som sideform,
Ei slik bøying kan ikkje brukast, jf. Språkrådets bok lærebokspråk.
Eg meiner òg at 2005-framlegget til ny normal utan sideformer godkjenner blanda bøying.
Me må venta til ein ny normal faktisk føreligg før me eventuelt kan ta i bruk endringane i normalen.