Eg er einig i at forslaga dine er mykje betre enn Excel sine. At dei skil seg mykje frå engelsk, er ikkje noko problem. Mange funksjosnamn er svært ulike på norsk og engelsk. At dei også skil seg ut i høve til Excel, er kanskje eit større problem. Er vel nokre som kjem frå Excel til LibreOffice Calc, eller brukar begge. Eg har likevel lyst til å endra til STABLE.VASSRETT og STABLE.LODDRETT. Ikkje gjort, mellom anna fordi nettsidene for omsetjing av LibreOffice (https://translations.documentfoundation.org/) ligg nede nå pga. vedlikehald. Eit anna argument er at VSTAKK er kortare enn STABLE.LODDRETT.
Nokre meiningar om dette?
Kolbjørn
Den 17.02.2025 01:38, skreiv Thomas Nygreen:
Hei,
Når det gjeld HSTACK og VSTACK meiner eg omsettingane i Excel (til HSTAKK og VSTAKK) er dårlege. På same måte som LOOKUP, er STACK både verb og substantiv. LOOKUP (SLÅ.OPP), HLOOKUP (FINN:KOLONNE) og VLOOKUP (FINN:RAD) er alle omsett som verb. Gjer vi det same med HSTACK og VSTACK blir det STABLE.VASSRETT og STABLE.LODDRETT. Fordelen er at desse er meir sjølvforklarande, men ulempa er at dei skil seg veldig frå både engelsk og Excel.
Mvh Thomas Nygreen
fre. 14. feb. 2025 kl. 20:10 skrev Kolbjørn Stuestøl <kolbjoern@stuestoel.no
: Eg har lagt ut dei nye funksjonsnamna i LibreOffice Calc i https://stuestoel.no/office/calc/calc-funcs.php.
Sidan eg ikkje har fått svar på forslag til omsetjingar, har eg brukt mine eigne forslag. Det er rimeleg enkelt å endre desse, så om nokon har innvendingar, tar eg gjerne i mot desse.
Funksjonsnamna er
CHOOSECOLS → VEL.KOLONNAR
CHOOSEROWS → VEL.RADER
DROP → DROPP
EXPAND → UTVID
HSTACK → HSTAKK
TAKE → TA
TOCOL → TIL.KOL
TOROW → TIL.RAD
VSTACK → VSTAKK
WRAPCOLS → BRYT.KOLONNAR
WRAPROWS → BRYT.RADER
Forslaga HSTAKK og VSTAKK er litt kinkige. H-en står for horisontal og V-en for vertikal. Skulle vel eigentleg vore V for vassrett og L for loddrett, men for å unngå forvekslingar m.a. med Excel, har eg vald slik det er ført opp.
Desse funksjonane er førebels ikkje komne med i dei vanlege utgåvene av LibreOffice, men dei kjem etter kvart.
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org
E-postlista l10n-no http://lister.huftis.org/listinfo.cgi/l10n-no-huftis.org