Hei lista
Eg er med på utvklarsamlinga i Narvik som einaste omsetjar i skulelinux. Eg tenkjer at vi eigentleg bør ha ei eiga samling for omsetjarar. Eg vil gjerne prøve å få dette til. Skulelinux har ein del pengar som vi har fått frå departementet som vi kan bruke på slike samlingar. Så det vi treng er nokon som er villege til å arrangere dei.
Eg håpar det er nokon her på denne lista som kan tenke seg å bidra litt med dette. Først og fremst treng vi ein stad å ha samlinga. Eg trur det beste er å arrangere den første samlinga i Osloområdet. Viss det er nokon som veit om ein god stad å vere så meld ifrå.
Samlinga bør vere for alle som jobbar med omsetjing av fri programvare i Norge. Slik at vi ikkje avgrensar oss til Skulelinux. Dessutan håpar eg det vil vere mogeleg å rekruttere ein del brukarar innanfor skuleverket som kan vere interessert i å forbetre omsetjinga av programma dei brukar.
Det eg håpar vi får til med ei slik samling er at vi kan få betre samarbeid mellom dei ulike omsetjargruppene i Norge. No er vi fleire grupper som jobbar separat utan så veldig mykje utveksling. Den mest samlande forumet er vel eigentleg denne lista.
Viss det er nokon som tenner på denne ideen så er det berre å gje lyd frå seg. Anten til denne lista eller direkte til meg.
Helsing Håvard