Hei, eg fann epost-adressa di då eg søkte på Google etter 'locale FreeBSD nynorsk':
https://lister.ping.uio.no/pipermail/lister.ping.uio.no/i18n-nn/2002-April/0...
Eg leiger plass på ein FreeBSD-tenar i USA, og dei har berre bokmål (eg er jammen ikkje sikker på om dette har med operativsystemet å gjera, eller php-installasjonen, eg kan kompilera min eigen php-cgi, men vil helst sleppa). Eg må i alle fall finna ein måte å endra 'tirsdag' til 'tysdag' på. PostCalendar er ein modul til PostNuke (http://postnuke.com), og dei har av ein eller annan grunn nytta locale-settingar for nokre av sine variablar (men ikkje alle... full pakke med språkfiler i tillegg...).
Veven eg herjar med nett no er http://rak.no/
Har ikkje peiling på om du har nokre idear, og er lei meg for at eg skriv sånn heilt utan å kjenna deg.
Beste helsing, Randi Andersen
Eg kan diverre ikkje hjelpa deg med dette problemet, men eg sender ein kopi av denne e-posten til i18n-no@lister.ping.uio.no. Kanskje nokon der kan hjelpa.