2013/2/21 Kolbjørn Stuestøl kolbjoern@stuestoel.no
Funksjonsnamn i rekneark. Under arbeidet med å omsetje LibreOffice 4.0 har eg kome over ein del funksjonsnamn med feil eller manglar.
(...)
*Retting av feil:* Thomas Nygren gjer merksam på at CSC er omsett feil til COSEKANT både på nb og nn. Bør anten vere CSC eller COSEKANS. Følgjeleg også CSCH som bør bli til CSCH eller (etter mitt syn dårlegare) HYPERBOLSK.COSEKANS. (Excel: CSC og CSCH) Det same gjeld for SEC og SECH som bør vere SEC eller SEKANS og SECH eller HYPERBOLSK.SEKANS. (Excel: SEC og SECH). Dette bør det vel også vere relevant å rette opp?
Excel har SEC, SECH, CSC og CSCH. Eg føretrekk framleis desse framfor dei fulle namna. Det er ingen som brukar desse utan å kjenne kortnamna.
*Spesielt for nynorsk:*
COUNT er omsett med TAL. Lett å misforstå. Forslag: TAL.PÅ (Bokmål: ANTALL) COUNTA er nå TALA. Forslag: TAL.PÅA (Bokmål/Excel: ANTALLA) COUNTIF er nå TAL.DERSOM. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM (Bokmål/Excel: ANTALL.HVIS) COUNTIFS er nå COUNTIFS. Forslag: TAL.PÅ.DERSOM.SETT (Bokmål/Excel: ANTALL.HVIS.SETT)
Desse funksjonane er blant dei mest brukte, og dei har etablerte namn, så eg er særs skeptisk til å endre dei. TAL.PÅA funker heller ikkje i mine auge. Som ein konsekvens føreslår eg at COUNTIFS vert kalla TAL.DERSOM.SETT.
DERSOM / VISS Eg har lufta det før, men for å vere sikker prøver eg igjen. Er det råd å bytte DERSOM med VISS? Ut frå responsane eg fekk tidlegare her, bør det bli VISS, men talet på svar er i minste laget tykkjer eg. (Til underretning: VISS er også lov på bokmål).
Å i staden gå over til det språknøytrale OM for nb og nn er vel utopi, sjølv om det er brukt på svensk. TAL.PÅ.OM.SETT ser jo i første omgang litt rart ut, men t.d. OM(A1<5;"Mindre") ser greit ut. Hadde spart to tastetrykk kvar gong på å bruke OM i staden for VISS. :-)
Om du endrar namn på DERSOM, trur eg du må kompensere med å sende alle nynorskbrukarar av LibreOffice noko passe mykt å stange hovudet mot ;)
-thomas