Gaute Hvoslef Kvalnes gaute@verdsveven.com skreiv i innlegget news:200402112122.37488.gaute@verdsveven.com:
Merk for øvrig standardisert skrivemåte for menyval: «Meny | Undermeny | Menyval».
Trur ikkje eg har sett den skrivemåten før,
Å? Eg har hatt det inntrykket at dette var den *mest* brukte skrivemåten.
men det er sant at me bør standardisera på noko. Eg har ofte brukt «Meny - Undermeny - Menyval». (Ein annan strek enn bindestrek kunne kanskje vore ønskjeleg, men visse teiknsett er jo litt primitive.)
Er dette noko problem i praksis? gettext støttar/brukar jo automatisk transkribering.
Eg synest iallfall dette er nokså reint og pent, og ser ingen grunn til å etterlikna piler med ->.
*Det* er eg heilt einig i, men eg orkar ikkje sjå bindestrekar brukt som skiljeteikn. Føretrekker «|» eller tankestrek, og mest førstnemnte.