Tom Grydeland skreiv:
Ettersom Internet (som er bygget på IP) er det eneste datanettverket exiga eller andre "softphone"-applikasjoner med noen sannsynlighet vil komme i kontakt med sier det seg selv at de er IP-telefoner. Det er ikke dét jeg argumenterer mot.
Det hørest derimot ut som du argumenterer for at det viktige skillet er mellom programvarebaserte telefonar og vanlige maskinvaretelefonar, og det er då veldig merkelig i *denne* samanhengen. Det er ingen som ventar at dei skal få ein fysisk telefon i posten når ein kjører «apt-get install ekiga». Det seier seg altso òg sjølv at det er dataprogram.
«IP-telefon» (eller «telefonprogram», eller noko anna passande) er altso heilt riktig å kalla «softphone» i «Ekiga softphone».
Det operative skillet er mellom "software program" og "dedicated hardware", nettopp som jeg skrev. Dersom du leser denne definisjonen som at "softphone" skulle være det samme som IP-telefon foreslår jeg at du leser den igjen, og tenker litt til over saken.
Ein softphone, som Ekiga, og alle andre «softphone»-ar, *er* jo ein IP-telefon (og han er programvare, slik alle programma eg kan installera på datamaskina mine er, utan at det burde overraska nokon). Når ein ikkje skal skilla mellom fysiske telefonar og dataprogram, er det heilt unødvendig å ta med informasjon om at det er programvare; det vil berre gje lengre tekstar i omsettinga (eks. «programvarebasert sjekkspel» i staden for «sjakkspel»).