Onsdag 14. august 2002 11:00 skreiv Knut Yrvin:
onsdag 14 august 2002, 10:51, skrev Gaute Hvoslef Kvalnes:
Eg ser for meg ei nettside med eit skjema der du oppgir programmodul, språk og andre viktige ting. (Ikkje ein Bugzilla-jungel, men ei enkel og oversiktleg side.) Brukaren skal ikkje trenga oppgi e-postadresse ein gong. Skjemaet vert sendt som e-post til feilsystemet
Har noen andre laget noe slikt som vi lett kan sette i arbeid på våre servere?
Vel, eit skjema som sender ein slik e-post er trivielt å laga. Kort fortalt ser Debian/KDE sitt e-postformat slik ut:
------- Package: OpenOffice.org bokmål Version: 1.0.1 Windows Severity: normal
... feilrapport ... -------
KDE sin «vegvisar» ligg i CVS-en til KDE, men må forenklast ein god del. Eit heilt enkelt skjema kan lagast på ti minutt, gitt at du har ein BTS [1] som tek imot e-posten.
[1] BTS = «Bug Tracking System», det systemet Debian og KDE brukar. Det kan godt henda Bugzilla kan brukast òg.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes