Den 15.03.2021 21:52, skreiv Karl Ove Hufthammer:
Kolbjørn Stuestøl skreiv 15.03.2021 21:43:
Eg har no fasiten. Eg har prøvd den nye Style Inspector i LibreOffice, og slik er det:
Kvar fann du dette? Eg finn ikkje "escapment" nokon stad.
Skriv noko tekst og gjer litt av teksten heva eller senka. Vel så «Style Inspector» i sidestolpen til høgre. Når du har skrivemerket på teksten som er heva/senka, dukkar «Char Auto Escapement», «Char Escapement» og «Char Escapement Height» opp som eigenskapar under overskrifta «Character Direct Formatting».
Viss du gjer andre endringar på teiknnivå, for eksempel av skriftstorleik eller skrifttype, dukkar det opp eigenskapar for desse òg, alle med prefikset «Char ».
Eg har testa dette i LibreOffice versjon 7.1.1.2. Om eg ikkje hugsar feil, vart funksjonen først tilgjengeleg i versjon 7.1.
Takkar. Tenkte ikkje på at eg måtte ha heva/senka tekst */før/* eg opna "Style Inspector". Ja, «stilinspektøren» kom med versjon 7.1.
Helsing Kolbjørn