Kjetil Torgrim Homme skreiv 12.05.2021 00:57:
Kan eg bruka «Hard bindestrek»?
I mitt hovud er dette det motsette av "hard bindestrek". Motstykket til ein hard bindestrek er ein mjuk bindestrek, "soft hyphen" (­ i HTML), ein usynleg bindestrek som markerer ein god plass å dele ordet på om det trengs.
Det stemmer. Og ein word joiner har ingenting med bindestrekar å gjera; han vil aldri laga ein bindestrek.
Me har alt eit teikn for hard bindestrek i Unicode. Det har nummer U+2011 og heiter «Non-breaking hyphen».