Kjetil Torgrim Homme skreiv 11.07.2024 18:32:
– Forside med litt generell info om kven me er og sånt
med fare for å starte ein sykkelskurdiskusjon, eg sjekka nokre domene.
Eigentleg ikkje så farleg med sykkelskurdiskusjonar på dette stadiet. Alle innspel er velkomne, både innspel av teknisk art og andre. (Og sjå https://en.wiktionary.org/wiki/bikeshedding og https://en.wikipedia.org/wiki/Law_of_triviality for dei som ikkje tok referansen.)
l10n.no er oppteke men ubrukt, spraak.no og språk.no er også registrert av to ulike personar. men både dataordbok.no og fellesordliste.no er ledige.
Flott at du sjekka domena. Eg synest vel spraak.no og språk.no vert for generelle, mens dataordbok.no og fellesordliste.no vert for spesifikke. Det beste hadde nok vore l10n.no, men l10n-no.no kan òg gå fint.
det har vorte vanskelegare å registrere "passive" organisasjonar, og eg trur ikkje nokon her har lyst på byråkratiet med å halde ein ekte organisasjon i live, så eg trur det er enklast om ein privatperson vi stolar på står for registreringa. evt. kan eg få min arbeidsgivar Redpill Linpro til å sponse domene og vevtenar, men eg reknar med at folk vil vere endå meir skeptiske til ei slik ordning.
Det vert vanskeleg uansett. Sjølv om om det er ein privatperson me stolar på, så får me ein bussfaktor på 1 (https://en.wikipedia.org/wiki/Bus_factor). Så før eller seinare kjem me til å mista domenet dersom berre éin person er ansvarleg (ingen lever evig). (Det same problemet har me forresten med denne e-postlista her.)
Som rammeverk over det igjen har eg fått litt sansen for Quarto, som enkelt sagt er Markdown med noko attåt. Her får me mykje gratis, og me kan veldig lett generera ein komplett nettstad med navigering og sånt basert på Markdown-filer. Litt info:
verkar nesten som overkill for dette formålet. eg har sansen for MkDocs sidan det kan lage ein heilt statisk nettstad som likevel har integrert søk. men den som gjer jobben bestemmer :-)
Slik er det med Quarto òg. Ein får i utgangspunktet heilt vanlege, statiske nettsider og med integrert søk. Det dynamiske går ut på at ein kan ha programmering (via Python eller R) ved generering av det statiske innhaldet.
For ordlistene har me til no brukt ulike format. Fellesordlista vår er for eksempel eit heilt vanleg HTML-dokument: https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/blob/main/nb/Fellesordl.eng-no.html
her kan vi nok bruke eit standard markdown-format med nokre lokale reglar for formattering (som bør validerast av eit skript), dette fordi dette er den mest levande delen av dokumentet som bør vere mest mogleg tilgjengeleg for bidrag.
Ja, det kan me, og det svarar jo omtrent til slik me har hatt det til no (men Markdown i staden for HTML). Me har hatt skript for å generera PO-filer frå denne (ikkje så mykje brukt). Men eit strengt maskinlesbart format, som XML eller JSON, vert jo lettare å skripta, og så lenge det er reintekst-basert, ikkje nødvendigvis noko vanskelegare å redigera.
Men me kan jo *starta* med å konvertera dokumentet til Markdown.
Mens (den ganske utdaterte) oversikta over namn på land er eit meir maskinvennleg XML-dokument (som me *genererer* HTML- og PO-versjonar frå): https://gitlab.com/l10n-no/l10n-no-dok/-/blob/main/kodar/land.xml?ref_type=h...
Synspunkt på kva format me ev. bør standardisera på? I Quarto- dokument kan me legga inn programmering, så eg trur det vil gå greitt å automatisk generera HTML-tabellar av (alle slags) maskinlesbare format.
XML-formatet er fint nok, er ikkje noko poeng å endre det berre for å endre det, synest eg. vi har jo allereie verktøy som er laga for å handtere det.
OK. Og med Quarto kan me truleg autogenerera HTML-versjonar.