God påske alle,
Eg deler litt nytt frå omsetjingar eg har drive med dei siste månadene.
- Mobilizon (https://joinmobilizon.org/en/), ei løysing for å planleggja hendingar. Erstattar i mangt Facebook-hendingar. Stort sett ferdig omsett.
- Castopod (https://castopod.org/), ei podkastløysing. Ferdig omsett i dag!
- Peertube (https://joinpeertube.org/), for å leggja ut filmar. Eit alternativ til Youtube. Her har eg omsett ein del, slik at lokale nettstader kan få mesteparten av brukarflata på nynorsk.
Alle desse løysingane har koplingar til fødiverset, og eg kom borti dei etter eg kutta ut Facebook og byrja å bruke Mastodon. Når eg har brukt tid på desse, fører det sjølsvagt til at eg ikkje har jobba noko særleg med Wordpress, som eg har omsett mykje av i fleire år. Eg synest Wordpress har gapt over vel mykje dei siste åra, så eg er ikkje så interessert lenger. Fritt fram for andre! https://translate.wordpress.org/
Beste helsing Eivind Ø.