Sundag 1. juli 2007 skreiv Erik Haugan:
Forslag til omsetting av ordet «checkpoint» i spelsamanheng?
"Sjekkpunkt" er mykje brukt (25000 treff på Google). "Post" er vel og ofte brukt. I SuperTux er ein post markert med ei bjelle, så kvifor ikkje skriva om litt? "Ring med [eller aktiver] bjella på posten. Har du minst 25 myntar vil du gjenoppstå på posten om du døyr."
Ikkje dumt. Eg endte opp med:
-Bjølle\n #Ring med bjølla. Har du minst 25 myntar att, vil du då gjenoppstå på bjølleplassen når du døyr.
Så får eg håpa dei ikkje byter til noko anna enn bjøller på seinare brettsamlingar!
Kult at du set om SuperTux. Hjå oss var heile familien hekta på dette spelet i vinter, treåringen er det framleis.
Ja, det er eit kult spel, om enn litt einsformig og uoriginalt.