Eg foreslår å omsetta «stroke» i visse vektorteikneprogram[1] til «omriss».
Her er eit bilde av kva det er snakk om: http://www.huftis.org/kritikk/stroke.png
Det svarte er altso «stroke». Det farga er fyllet. Sjølv om omrisset ikkje går heilt rundt (eks. på den blå delsirkelen) går det fint å kalla det eit omriss (jf. ordboksdefinisjonen). Før brukte eg «strøk», men meiner «omriss» er betre (og meir umiddelbart forståelig enn det engelske ordet).
Om det ikkje blir protestar legg eg det inn i fellesordlista.
[1] Det kan ha ei litt anna tyding i nokon samanhenger, eks. i PostScript.