Erik Haugan skreiv:
On Sunday 31. May 2009 23.08.53 Sigmund Hansen wrote:
Ifølge ordboka kalles rank nivåtall innen EDB. Tror det er enklere med bare nivå enn nivåtall, og det gir strengt tatt samme betydning.
Kva ordbok er det? Google gjev 1350 treff på "nivåtall", men så vidt eg kan sjå har ingen av dei noko med programmering å gjere.
I matematikken (lineær algebra, "matriserekning") blir rang (eng. rank) brukt om talet på dimensjonar som vektorane i ei matrise spenner ut. Wikipedia sin artikkel seier at rangen av ein tabell i programmering er lik talet på dimensjonar i tabellen. Eit raskt søk viser at dette stemmer med bruken i mellom anna .NET og Common Lisp.
Samnemnaren er altså "talet på dimensjonar", men elles er bruken ganske ulik dersom ein jamfører ein tabell av rang 2 med ei matrise (som kan ha kva rang som helst). Den siterte teksten brukar rang på ein måte som tyder på at opphavsmannen blandar saman desse tydingane. Eg ville ha løyst dette ved å fjerne alle referansar til rang i omsetjinga og gjort forfattaren merksam på feilen. Det gjev ikkje særleg meining uansett.
Takkar! Fekk litt av sjølvtilliten tilbake. Skal prøve å skrive om heile avsnittet, eller helst heile kapitlet, og sende inn forslaget. (Eg er ein av dei medskuldige, om ikkje nett i dette kapitlet).
Kapitlet er ikkje meint å vere lærebok i tabellar, men eit (ikkje heilt heldig) forsøk på å forklare korleis ein type digital pensel ("mønsterpensel", "animated brush", "brush tube" og mange fleire namn) kan lage ulike avtrykk kvar gong du trykker han ned mot teikneflata.
Den tenkte lesaren er sikkert meir interessert i den praktiske verkemåten enn (feilaktig) matematikk, så her er ei oppgåve å gjere.
Takk til alle bidragsytarane. Mange interessante synspunkt. Skal prøve å ta omsyn til alle.
Akkurat nå er eg meire opptatt av å finne ut korleis eg kan sende html oppkall (src="xxx") via fleire lenker (.lnk-filer) fram til den eigentlege fila. Så det kan ta litt tid før kapitlet blir omskrive. (Ser ut til at det går i Linux men ikkje i Windows).
Helsing Kolbjørn
http://en.wikipedia.org/wiki/Rank_(linear_algebra) http://en.wikipedia.org/wiki/Rank_(computer_programming)
For dei spesielt interesserte:
http://en.wikipedia.org/wiki/Tensor#Tensor_rank
Erik
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no