Torstein Dybdahl torsted@runbox.no skreiv i innlegget news:E1Cofkp-0002Qg-Oh@odie.runbox.com:
Jeg har begynt arbeidet med gjennomgang av ordlistene for bokmål og nynorsk for ispell, ispell, myspell.
Ispell er vel ut og det er aspell som gjeld?
Det som jeg trenger hjelp til er informasjon om språknormer jeg skal bruke både for bokmål og nynorsk.
Med språknorm mener jeg ord som er tillatt som ikke er tillatt, ord som ikke bør brukes og slikt.
For nynorsk bør du bruka den offisielle nynorsknormalen. Her har dei eksisterande ordlistene feil, då det er er fleire former som ikkje vert godtatt. Eksempel:
Adjektiv med ending på -lig, som «vanskelig» og «trulig» («vanskeleg» og «truleg» vert godtatt).
Infinitiv på -a, som i «å fara». (Vert berre godtatt om infititiv er lik preteritum, som i «å opna».)
Refleksiv infinitiv på -as (i staden for -ast), som i «å finnas» («å finnast» vert godtatt).
Meir generelt: Refleksiv ending på -s (i staden for -st). Alle desse orda *skal* godtakast: minnas, minnes, mintes, mins, trivas, trivs, treivs, trives, trivis. Ingen av dei vert det. Berre nokre av dei vert det med -st-ending.
Sterke verb i presens med endinga -er, som «finner», «grever» («finn» og «grev» vert godtatt).
På nokre ord er berre -d(e) endingar godtekne, og på andre berre - t(e). Eksempelvis er «brente» godtatt, men ikkje «brende», med «selde» og ikkje «selte» er godtatt. Alle fire orda skal godtakast!
-i-endingar for fleire ordformer, som «soli», «husi», «opi» («ei opi dør»), «bundi» («merri står bundi»).
Hokjønnsendingar på -or, som i «visor» og «visone».
I tillegg bør ordlista innehelda vanlige norsk personnamn.
Det finst unntak frå alle desse feila i ordlista. Totalt sett er ordlista eit samansurium av ord og former, der eindel ord og former er med som *ikkje* er korrekt norsk/nynorsk, eindel former er med for nokre ord men ikkje andre («brende»/«selte»), og enorme mengder ord er ikkje med. Ordlista er i praksis nær ubrukelig.
Dessutan er ikkje ei *ordliste* (liste med ord) eit serlig godt utgangspunkt for ein stavekontroll. Det vert ein naiv og dårlig stavekontroll.