LibreOffice har også ei online-utgåve. I filene som skal omsetjast for dette programmet er det brukt ordet "dashboard". Er det nokon som har tilgang til programmet som kan finne ut kva dashboard er i denne samanhengen? Ordet er ikkje oppført i fellesordlista. Diverre er vi ikkje nok kundar i området der eg bur til at vi får tilgang på skikkeleg Internett. Difor kan eg ikkje prøve ut denne utgåva av LibreOffice.
Ordet er omsett slik i
bokmål: Dashboard (ja, det står oppført som omsett) dansk: Instrumentbræt svensk: Instrumentpanel tysk: Übersicht
Eg meiner å hugsa at dette ordet har vore diskutert i dette forumet tidlegare, men finn ikkje tråden.
Helsing Kolbjørn