Eg ser det samiske tastaturoppsettet har nokre tastebindingar det hadde vore fint å hatt på norsk òg:
key <AB09> { [ period, colon, ellipsis, periodcentered ] }; key <AB10> { [ minus, underscore, endash, emdash ] };
Ein kan altso skriva ellipsen (…) med «Alt Gr + .» og tankestrek med «Alt Gr + -». Dette er begge teikn som me brukar på norsk, og som ikkje er tilgjengelig med det vanlige norske tastaturoppsettet.
Nokon som veit korleis ein går fram for å få endra det offisielle norske tastaturoppsettet (/usr/share/X11/xkb/symbols/no)?
Er det eventuelt andre teikn det hadde vore fint å få tastebindingar for i same slengen? Kanskje “”‘’? På kva tastar bør desse eventuelt ligga?