Torsdag 21. november 2002 20:15 skreiv Arne Christian Hårseth:
Det er på mange måtar nett det me gjer: Distribuerer heile OOo under GPL. Me har ikkje gått gjennom all koden og alle programtekstane og endra lisensen slik me burde, men heile denne fasen er som du veit _mellombels_, og me har stolt på velvilje frå brukarane. ... I praksis er konsekvensen at omsetjinga ikkje kan tilbakeførast til OpenOffice.org (eller StarOffice for den del) før me bestemmer oss for å endra lisensen.
Betyr dette at dere har planer om å endre lisensen når produktet lanseres?
Endra lisensen «tilbake» til LGPL/SISSL, ja.
Det må vel uansett gjøres hvis/når det inngås avtale med SUN? Hvordan går det med avtalen?
Det er framleis i det blå. Sun har alt gått ut i media med «StarOffice på begge målformer», men dei har enno ikkje forplikta seg til noka finansiering. Arbeid føregår òg opp mot fylke og stat. Dersom meir sikker finansiering kjem på plass til neste år, vil det bli aktuelt å hyra inn fleire omsetjarkrefter.
Jeg antar at vi som ikke tilhører skolelinux-prosjeket også må få en stemmerett i hvilken lisens som skal benyttes?
Bidraga frå alle partar er frigjevne slik at Akershus fylkeskommune har full styring. Det er ikkje planar om å gjera noko skummelt ;-)
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes