LibrOffice 4.3.x, 4.4.x og 5.0.1 skal i følgje nettsidene vere 100 % omsette til nynorsk.
Men --- dette er diverre ikkje heile sanninga. Det er framleis ein del feil i omsetjingane. Omsetjingsfeil, skrivefeil, uklare formuleringar, inkonsekvent språkbruk og sikkert ein heil del andre ting. Med nesten 550 000 ord omsette over fleire år, har det lett for å bli litt rusk. Dessutan har eg funne ord og setningar som ikkje er omsette sjølv om dei er omsette i po-filene (språkfilene). Dette har noko med oppdateringar å gjere trur eg.
Så, når du finn feil, ville det vere fint om du melde frå på denne lista. Dette gjeld sjølvsagt både bokmål og nynorsk. (Difor eg sender dette til fellesforumet). For nynorsk kan du også sende direkte til meg om du tykkjer det er greiast. Forklar såpass mykje omkring feilen at det er råd å finne han i igjen språkfilene.
Du finn nedlastingane på https://no.libreoffice.org/ eller https://www.libreoffice.org/download/libreoffice-fresh/ (Den siste oppdateringa kallar dei "fresh").
Det er eit stort behov for fleire omsetjarar, så har du lyst er det berre å melde frå på denne lista. 76 % av LibreOffice er omsett til bokmål.
Helsing Kolbjørn Stuestøl