Fredag 22. november 2002 19:35 skreiv Åsmund Skjæveland:
Eg har lasta ned skolelinux-cvs anonymt til UiO-kontoen min (eg er på Svalbard for tida, og linja til UNIS (http://www.unis.no/) er for tynn til denslags), så då skal eg prøva å gjera litt. Fungerer DocBook-filer direkte i KBabel, eller må eg gjera noko magisk fyrst?
Docbook-filene er konverterte til PO-filer, slik at dei kan redigerast direkte i KBabel. (Dei er delte opp avsnitt for avsnitt, sånn omtrent.)
«Vanleg» CVS-praksis er å lasta opp filene ofte, slik at ingen går i gang med det andre held på med. Dersom det vert vanskeleg, er det fint om du seier frå på e-postlista om kva du har tenkt å gå i gang med. Då går det nok fint, uansett om du sender filene til meg eller lastar direkte opp i CVS.
Med helsing, Gaute Hvoslef Kvalnes